Herman Brun (1804-1865) frå Bergen, busett på Njøsasanden/Hermansverk. Kjøpmann og politikar, og mannen som fekk "Hermansverk" oppkalla etter seg.
Overtok i 1833 den gamle handelsstaden og gjestgiveriet på Njøsasanden. Han dreiv også landhandel og gjestgiveri på Hanehaug.
Ordførar i Leikanger 1844-1847 og 1849-1851.
Det skal ha vore under eit lystig juleselskap hjå kjøpmann Brun i 1844 at ei gruppe framståande menn i bygda vart samde om å kalle strandstaden på Njøsasanden og Henjasanden opp att etter den allsidige kjøpmannen Herman Brun. Det meste av det som hadde vorte bygt der var nemleg "Hermans verk " - difor Hermansverk.
Eldste sonen
Hans Johannes Brun overtok på Hermansverk i 1851, men flytta to år seinare til Aurland og starta som handelsmann der.
Herman Brun tok i 1860 tilbake eigedomane på Hermansverk og Hanehaug og dreiv dei vidare til han døydde i 1865, då enkja Engel tok over og dreiv til ho døydde i 1881. Då gjekk eigedomane på Hermansverk over til den nest eldste sonen
Johan Herman Brun, som skøytte Hermansverk vidare til broren
Hans Johannes Brun sin svigerson
Peter Johan Fretheim. Johan Herman Brun dreiv handelen og gjestgiveriet på Hanehaug sjølv til han gjekk konkurs i 1893.