Han fekk m.a. lagt inn elektrisk straum i hotellet. Theodor fekk styre hotellet berre tre år før han døydde.
Den tretten år yngre broren
Sigurd Kvikne sr. tok då over drifta av hotellet. Han starta i 1928 også bokhandel ved kaia, som vart driven av Kvikne-familien til 1993.
Kortvarig auke i turismen
I tida etter første verdskrig auka turiststraumen frå Amerika, men denne bylgja la seg brått med Wall Street-krakket i 1928.
Etter at Sigurd Kvikne døydde 40 år gamal i 1935, dreiv kona
Marta Kvikne hotellet vidare saman med eldste sonen Ole Kvikne jr. Han døydde i 1942. I nokre år etter krigen engasjerte ho direktørar utanom familien til å drive hotellet inntil sonen
Per Kvikne gjekk inn i hotelleiinga i 1956. Saman med kona
Mulla Kvikne dreiv Per hotellet fram til han døydde i 1991, då sonen
Sigurd Kvikne jr. tok over som leiar av familieverksemda.