I fiskerikommunen Solund er drukningsulukkene med ein omkomen tallause. Bygdeboka fortel at mest kvart hus i ytre Solund har folk som har kome bort på sjøen. Nedanfor er berre sjøulukker med fleire omkomne tekne med. Namn på omkomne finst i gardssoga for Solund I og II.
1704
I 1704 omkom to kvinner og to menn frå Kverhella og to menn frå Rørdal. Omstenda er ukjende, men truleg er det drukning.
1778
I 1778 miste ei kvinne og ein mann frå Kråkenes livet ved drukning.
1780
I 1780 drukna to mann frå Steinsund.
1794
I 1794 drukna to mann frå Sveholmen.
1802
Folket på Nautøy vart hard råka av ulukker tidleg på 1800-talet. I 1802 drukna far og son Anders og Arne Kverhella. (I 1830 drukna sonen til Arne og to andre gutar på garden.)
1806
I 1806 drukna far og son frå Krakhella.
1817
I 1817 drukna to menn frå Færøy etter kollsigling.
1822
Den 11. mars 1822 mista tilsaman 22 fiskarar frå Gulen og Solund livet i ein orkan. 14 av dei kom frå Gulen, og åtte frå den sørlege delen av Solund kommune.
1824
I 1824 drukna fire mann, tre frå Nesøyna og ein mann frå Hjønnevåg, under fiske.
1830
I 1830 drukna sonen til Arne Kverhella og to andre gutar på garden. Sjå ulukka i 1802.
1836
I 1836 omkom fem vaksne og to born frå Tveranger ved drukning i Lågøyfjorden. Fylgjet var på ved heim med dåpsborna frå kyrkja i Eivindvik då båten gjekk rundt.
I 1836 omkom tre mann frå Færøy og Buskøy då dei rodde på ei flu under fiske.
1837
I 1837 drukna to mann frå garden Strand under frakting av ved.
1839
I 1839 drukna to mann frå Kråkevåg under fiske.
1840
Nyttårsafta 1840 drukna far og son og ei jente frå Leknessund.
1841
I 1841 drukna eit ektepar og ei ung jente frå Viken på veg til kyrkje.
1847
I 1847 omkom fem mann frå Utvær under fiske.
I 1847 omkom ein dreng og ei jente frå Færøy.
I 1847 drukna far og son på garden Strand under fiske.
1850
I 1850 miste ein mann og ein jente frå Grønnevik livet ved drukning.
1851
I 1851 drukna ein bror og søster frå garden Hagen. Ein annan bror hadde drukna sju år tidlegare.
1852
I 1852 drukna ei kvinne då ho og ektemannen og ei tenestejente kollsiglde ved Gåsvær. Dei to andre berga seg etter å ha drive på båtkvelvet i mange timar inn til Lågøy.
1855
I 1855 drukna to mann frå Saltskåren og Færøy.
1861
I 1861 miste ei kvinne i Leknessund livet ved ein fjøsbrann då ho freista å berge ut dyra.
1862
I 1862 miste tre menn frå Færøy livet på sjøen.
I 1862 drukna ein mann og ein gut frå Gavlen.
1863
I 1863 kollsiglde og druka to brør frå Leirvågen i Liasundet.
1864
I 1864 vart ei kvinne drepen av eit steinras i Hatlevikja ved Rånøy.
1866
Den 4.april 1866 omkom ni menneske då to båtar forliste på fiske. I den eine var det fire unge menn frå Kolgrov og ei jente frå Kverhella som omkom, medan ein mann berga seg i land på noko vrakgods. I den andre båten var det fire menn frå Husøy.
1869
I 1869 omkom fire menn frå Hersvik under garnfiske, tre av dei frå same familie.
1878
I 1878 omkom to menn og ein 16 år gamal gut frå Trovåg like fram for nausta i Trovåg.
1881
I 1881 drukna fem menn frå Vika, Hersvik og Færøy under sildefiske
1882
I 1882 kollsiglde tre menn frå Leirvågen på Sognefjorden på veg mot Skjerjehamn. To drukna, den andre berga seg på båtkvelvet inn til Kråkevåg.
|
Johanna Oddekalv omkom av eit lynnedslag i stova i 1908. Biletet er frå 1905. (Foto © Fylkesarkivet) |
1898
I 1898 drukna tre menn frå Steinsund på Sognefjorden under frakt av nokre husdyr til Skjerjehamn i Gulen.
1906
I 1906 drukna tre menn frå Oddekalv på veg heim frå rettsmøte i Steinsund.
1908
I 1908 vart ei 26 år gamal kvinne drepen då lynet slo ned i stova på Oddekalv.
1909
I 1909 miste ei kvinne frå Nåra og den fem år gamle dottera hennar livet ved ei ulukke. Årsak er ukjend.
1920
I 1920 drukna ei kvinne og ein mann i Hopsosen.
1921
I 1921 drukna tre menneske, far og dotter og ei kvinne, alle frå Skarnagel, i Åfjorden.
1923
I 1923 drukna fire mann frå Indrevær medan dei arbeidde med å løyse eit anker som hadde sett seg fast på ei flu ved Kvalvik.
1940
I 1940 miste fire unggutar frå Indrevær livet ved i sprengingsulukke med ei mine. Dei hadde funne mina i fjæra og prøvde å demontere henne då ho gjekk av.
1943
1943 gjekk sildedrivaren ”Havbryn” ned med ni mann under fiske ved Solund. Truleg sprengd av ei mine.
1949
I 1949 drukna sju personar då frakteskipet "Bandak" forliste ved Grønholmen utanfor Nesøy.
1956
I 1956 omkom to unge gutar frå Trovåg ved drukning.
1978
I 1978 vart Ludvik Råke drepen av eit steinras under arbeid i utmarka på garden Råke.
1980
19. oktober 1980 omkom fem mann, far og to søner frå Solneset, ein mann frå Storøy og ein mann frå Bergen då fiskebåten "Solnes" forliste på Hollevikflua på Stavfjorden - sjå elles
Bernt Ravnøy.
2003
I romjula 2003 miste ein mann livet ved ein husbrann i Nessa.