|
Hardbakke er kommunesenteret i Solund. Administrasjonen held til i det gamle bankbygget til høgre. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Ved innføringa av formannskapslovene i 1837 var noverande Solund delt mellom Gulen og Askvoll kommunar. Dette hadde samanheng med at dei første kommunegrensene her som elles i landet, fylgde grensene for prestegjelda.
Etter den nye lova, hadde Utvær tinglag - dvs. sørlege delar av noverande Solund - rett til å krevje eigne kommunestyremøte, men ingen gjorde slikt krav gjeldande. Dei gjekk saman med Gulen, og fekk ein tredjepart av medlemane i kommunestyret.
Utvær kommune
|
Utvær. (Foto: Steinar Lote, NRK) |
I 1854 vart likevel Utvær skild frå som eigen kommune med namnet Utvær, og fekk eigen ordførar. Første ordførar i Utvær kommune var Peter Ulrik Egedius på Steinsundholmen. Men fattig- og skulestellet hang framleis fast i den gamle samordninga med Gulen heilt fram til 1893.
|
Solund kyrkje. (Foto: NRK) |
Kyrkja på Hardbakke vart bygd i 1859, og fekk tilsett eigen klokkar. I 1887 vart det vedteke å skipe Sulen prestegjeld. Samstundes vart bygdene i Nordsula overførde frå Askvoll til Solund kommune.
Med unntak av den austlegaste øya Losna, hadde dermed Solund kommune fått dei grensene som den har idag.
Ved reguleringa i 1888 ynskte ikkje folket på Losna å fylgje med over frå Gulen til Solund. Først ved kommunereguleringa i 1965 vart Losna innlemma i Solund kommune.
|
Kommehuset i Solund. |
I 2002 grensar Solund kommune mot Gulen kommune i Sognefjorden, mot Hyllestad kommune i Tollesundet og Krakhellesundet mellom Losna og Skorpa, og mot Askvoll kommune i Bufjorden.
Nynorsk vart innført som administrasjonsmål i Solund i 1921. Komuneadministrasjonen held til på Hardbakke. Kommunehuset held til i tidlegare
Sulen Sparebank.
I 1955 var det mykje mediamerksemd i samband med at Anna Sofie Herland vart vald til den første kvinnelege ordføraren Solund kommune.
Frå midten av 1990-talet har kommunepolitikken og administrasjonen i Solund vore prega av djupe personkonfliktar.
Ingen kommune i Sogn og Fjordane har hatt større nedgang i folketalet enn Solund.