SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Førde - kulturinstitusjonar:

Sogn og Fjordane Teater

Plakaten for første stykket til Sogn og Fjordane Teater.
Plakaten for første stykket til Sogn og Fjordane Teater.
Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977, og hadde premiere i det nye Førdehuset 28. oktober.

Publisert 13.09.2001 13:55. Oppdatert 06.02.2007 08:32.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Premierestykket var komedien "Dei siste maksveringar" av Rolf Losnegård frå Holmedal.

Stillingsboikott og suksess

Fram til 1980 låg teatret under Riksteatret. Då fylkeskommunen og andre lokale eigarar fekk ansvaret i 1980, vart det hard strid då eigarane ville at teatret skulle styrast av ein teatersjef, og ikkje av allmøte, slik dei fleste skodespelarar og forbundet deira kravde på den tida. Då skodespelar og instruktør Anne Gullestad vart tilsett som teatersjef, vart ho møtt med stillingsboikott. Likevel makta ho å fylle ensembla og gjere teatret populært blant folk.
Anne Gullestad

Seks premierar i året

Teatret har sidan starten hatt kring seks premierar i året, og frå første Kinnaspelet i 1985 (sjå: Kinna-kyrkja, segna og spelet) har Sogn og Fjordane Teater hatt ei sentral rolle i ei rad lokale sogespel både i Sogn og Fjordane og andre stader på Vestlandet.

Kulturbåten

Kulturbåten. (Foto: NRK)
Teatersjef Anne Gullestad var den første som lanserte idèen om ei flytande teaterscene – ein kulturbåt – som kunne turnere i fylket og resten av Vestlandet. Første turnèen med den ombygde ferga ”Innvik” i 1982 med komedien ”Splint” av Norvald Tveit vart ein av teatrets største suksessar nokon sinne.

Økonomiproblem

Sogn og Fjordane Teater kom i 1987 opp i store økonomiske vanskar som m.a. gjorde at styret vart skifta ut.

Høgthengande pris i 2006

I 2006 vart Sogn og Fjordane Teater tildelt ”Heddaprisen” som er norsk teaters største påskjøning. Teatret fekk prisen i klassen ”særleg fagleg innsats” for arbeidet med stykket ”Saman skal vi leve” med tema kring mobbing og rasediskriminering. Stykket er basert på det som hende kring dødsfallet til Arve Beheim Karlsen (sjå Beheim Karlsen-saka) i 1999.

Teatersjef Terje Lyngstad.

Teatersjefane

Teatersjef Mette Brantzeg.
Første styreformann var Reidar Tveit. Teatersjefar har vore Anne Gullestad 1979-1987, Noralv Teigen 1988–1991, Emte Stag 1991–1999, Mette Brantzeg 2000-2004, og Terje Lyngstad frå 2004.

MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no