SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Førde kommune:

Verksemder i Førde grunnlagt år 1700-1900

Omtalane er ordna etter startår.

Publisert 05.09.2001 09:46. Oppdatert 15.05.2007 11:43.

Grimmelid Kobberværk

Gruvene låg i Askvoll, men Sunnfjord-kysten er skogfattig. Difor vart mykje av malmen ført til Halbrend i Førde for smelting. Der vart det bygt smeltehytte i 1761. Gardsnamnet der kjem av ”halvbrend” koparkis.

Handelsstaden Sjøahola

Sjøahola like under kyrkja på Skei var det gamle ”handelssenteret” i Indre Sunnfjord.

Handel og hotell på Skorpa

I 1830 kom Hans Chr. Fredrik Lange frå Salbu i Hyllestad til Førde og starta landhandel på Skorpa (området der sparebanken ligg idag). Han dreiv også overnatting. Saman med lensmann Falch fekk han bygd Langebrua i 1836.

Gjestgiveri og handel på Hafstad

Den trondhjemske Postvei og bygginga av Langebrua bana vegen for at Hafstad overtok for Sjøahola som handelssentrum i Førde.

Sparebanken Sogn og Fjordane

I 1842 vart Førde Sparebank skipa som den andre i Sogn og Fjordane. Seinare Sunnfjord Sparebank, og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Schultz sine landhandlar

- sjå Handel og hotell på Skorpa.

Valeur sine landhandlar

- sjå Gjestgiveri og handel på Hafstad .

Hafstad Hotell

grunnlagt i 1860 av skysskaffar Gunnar Hafstad (1836–1916).

Sivertsens Hotell i Førde

I 1866 kjøpte Reinhard Steen Sivertsen (1833-1893) eigedomen som G. Schultz hadde på Skorpa og bygde vidare ut med landhandel, bakeri og hotell. Sivertsen dreiv også filial ved dampskipskaia på Steinen, og hadde sildesalteri i Kinn.

Aksel Sjurson Grønhaug

bygde i 1879 sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden.

Næring på Steinen

Anders A. Steen (1812-1885) frå Holsen vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i 1869 og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen. Sonen Ole tok over 1878, og dreiv også trelasthandel. Handelsfamilien Steen bygde etterkvart ut verksemda på Steinen med kassefabrikk, og tønnefabrikk frå 1915-1929. Her var også losji, brevhus og rikstelefonstasjon ei tid. Emil Steen, som dreiv tønnefabrikken, hadde også båtar som dreiv fiske og fraktfart.

Bruland Skredderforretning

vart grunnlagt 1890 av Johan Bruland. I 1938 bygde verksemda butikk og fabrikkverkstad, der det ei tid arbeidde 8 personar.

Nedre Angedalen Meieri
og Indrebø Meieri

i Angedalen starta i 1892. Ialt kom det på kort tid 10 lokale meieri i dåverande Førde kommune: Grøneng, Gjerland og Hårklau i Haukedalen, Holsen (1898), Masdalen, Sundsdalen og Førde, Vie, Fauske (1899). Frå 1924 slutta dei seg etterkvart til Førde meieri.

Bakeri på Hafstad

Johannes Gundersen (1856–1930) frå Jølster starta i 1895 bakeri på Hafstad. I 1930 overtok Bertel Kvaal bakeriet, og bygde nytt forretningbygg i 1939. Bygningen huser idag klesforretninga La Belle.

Hovudside:
· Industri og næring i Førde


MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no