Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 3. januar

•Kinesisk sonde landa på månens bakside
•18 evakuerte etter brann i Tromsø
•Inga budsjettløysing i USA

Dette skjedde natt til 3. januar
Foto: NRK

Kinesisk sonde landa på månens bakside
Kinas romsonde Chang'e-4 har nådd målet og landa på månens bakside, melder kinesisk media. Kinesarane skriv romfartshistorie når dei no har gjennomført den første mjuke landinga på månens mørke side.

Laster Twitter-innhold

18 evakuerte etter brann i Tromsø
18 personar blei evakuert og to sendt til legevakt for sjekk etter ein brann i eit rekkehus med åtte leilegheiter i Kroken i Tromsø kommune. Det tok tid å få brannen under kontroll etter at den spreidde seg frå ei leilegheit til ei anna via taket. Dei evakuerte var i natt innlosjert på hotell.

Brann i Tromsø

Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg til heile rekkehuset.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Inga budsjettløysing i USA
Det vart inga løysing då president Donald Trump møtte Demokratane i Det kvite hus for å snakke om grensemuren mot Mexico. Demokratane vil raskt banke gjennom eit vedtak om å få statsapparatet i sving att utan å gi pengar til Trumps planlagde grensemur, men eit slikt vedtak får neppe presidentens underskrift.

 Demokratane Steny Hoyer, Nancy Pelosi og Chuck Schumer.

Demokratane Steny Hoyer, Nancy Pelosi og Chuck Schumer.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no