Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 3. desember

• Ny smitterekord i Noreg
• Unngår nedstenging i USA
• Kvinne brannskadd i bustadbrann

Pyntet juletre foran KOngressen i Washington i USA

Kongressen i USA vedtok i natt eit budsjett som vil hindre at statsapparatet må stenge frå midnatt fredag.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

4140 nye koronasmitta

Ved midnatt torsdag var det registrert 4140 nye smittetilfelle her i landet, noko som er 1170 fleire enn førre torsdag, og ny smitterekord. Den siste veka er det i snitt registrert 3056 smitta per dag. Tilsvarande snitt for ei veke sidan låg på 2375, så veketrenden er stigande.

I Oslo er det meldt om 759 smitta siste døgn. Det er 106 fleire enn førre torsdag. Eit klart fleirtal av dei som er smitta dei to siste vekene er under 50 år.

Og når det gjeld sjukehusinnleggingar aukar tala. Torsdag var 262 koronapasientar innlagde, fem fleire enn dagen før.

Unngår nedstenging i USA

I USA har eit fleirtal i Kongressen godkjent eit budsjett som hindrar nedstenging av statsapparatet fredag. Lovforslaget vart vedtatt med 221 røyster for og 212 mot i Representanthuset. Berre éin republikanar stemte for. I Senatet vart det godkjent med 69 mot 28 røyster.

Loven som no går til Det kvite huset for president Joe Bidens signatur, sikrar finansieringa av statsapparatet i 11 veker framover.

Kvinne brannskadd i bustadbrann

Ei kvinne vart brannskadd i ein bustadbrann i Bekkjarvik i Austevoll kommune ved Bergen natt til fredag. Ho vart flogen til Haukeland universitetssjukehus. Naboar meldte frå om brannen litt etter midnatt og huset vart raskt overtent. Brannvesenet sørga for ein kontrollert nedbrenning.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no