Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 19. september

•Moon: – Nord-Korea vil ruste ned
•Tett tåke sinkar leiteaksjon i Rogaland
•Kyrkjestreiken er avverja

Dette skjedde natt til 19. september 2018
Foto: TORSTEIN BØE / NTB SCANPIX / KOREA BROADCASTING SYSTEM / AP

Moon: – Nord-Korea vil ruste ned
Sør-Koreas president Moon Jae-in seier Nord-Korea er innstilt på full kjernefysisk nedrusting. Moon og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har signert ei felleserklæring om å arbeide mot ei Korea-halvøy fri for atomvåpen. Kim vil også besøke Seoul snarast.

Moon Jae-in og Kim Jong Un signerer felleserklæring

F.v. Sør-Koreas president Moon Jae-in og Nord-Koreas leiar Kim Jong Un signerer felleserklæring.

Foto: Korea Broadcasting System / AP

Tett tåke sinkar leiteaksjon i Rogaland
Politiet har leita i heile natt etter ein mann som sjølv melde klokka 19.15 tysdag at han hadde gått seg vekk i Suldalsheiene i Rogaland. Politiet melder om frykteleg vanskelege forhold med tett tåke og svært krevjande terreng, sjølv om dei truleg er mindre enn 200 meter unna mannen. Det leitast no med politihund.

Skaulen i Surdalsheiene i Rogaland

Kyrkjestreiken er avverja
Halvannan time på overtid kom partane til semje om ei hovudtariffavtale og hindra det som kunne blitt den første streiken i Den norske kyrkjas historie.
– Det har vore ei lang og omfattande forhandling og mekling. Det er mange partar, mange organisasjonar og ein kompleks tariffavtale. Mellom anna har spørsmålet om leiarløn vore eit tema, seier meklar Geir Engebretsen til NRK.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no