Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 19. mai

• To menn knivstukne i Tønsberg
• 3770 sivile drepne i Ukraina
• Kvinne omkom i bilulukke i Flå

Knivstikking i Tønsberg

Ein mann vart stukken ned med kniv ved ein utestad i Tønsberg i natt.

Foto: PEDER GJERSOE

To knivstikkingar i Tønsberg

Politiet i Vestfold fekk i natt melding om to tilfelle av knivstikking i byen.

Ved eittida vart ein mann i 20-åra stukken ned med kniv ved ein utestad i Tønsberg sentrum. Han vart køyrd til sjukehus med alvorlege, men ikkje livstruande skader. Politiet arresterte etter kort tid ein mann i 40-åra som er sikta for knivstikkinga.

Ved firetida kom melding nummer to. Ein mann i 50-åra er alvorleg skadd etter knivstikking i ein leilegheit på Kaldnes på Nøtterøy-sida like utanfor sentrum. Også i det tilfellet vart ein mistenkt mann i 40-åra arrestert etter kort tid, opplyser operasjonsleiar Erik Gunnerud i Søraust politidistrikt.

Knivstikking i Tønsberg, politi og helsepersonell på stedet.

I begge knivstikkingane er mistenkte gjerningsmenn arresterte.

Foto: Peder Gjersøe

3770 sivile drepne i Ukraina

Minst 3770 sivile er drepne i Ukraina sidan Russland invaderte landet i februar, viser tal som FN har publisert. 251 av dei drepne er barn.

FNs høgkommissær for menneskerettar seier at det faktiske talet på døde og såra i Ukraina truleg er mykje høgare fordi det er vanskeleg å skaffe presis oversikt i eit krigsområde.

FN opplyser at talet på ukrainske flyktningar no er oppe i 13 millionar. 6 millionar har flykta utanlands, og minst like mange er flyktningar i eige land. Polen har tatt imot 3,4 millionar ukrainske flyktningar og Romania nesten 1 million.

Kvinne omkom i frontkollisjon i Flå

Ei kvinne i slutten av 50-åra mista livet i ein frontkollisjon på riksveg 7 i Hallingdal onsdag kveld. To menn i 50-åra vart flogne til Ullevål med alvorlege skader. Ulukka skjedde då ein personbil og ein varebil kolliderte i 80-sona ved ei avkøyring mellom Flå og Bromma.

Vegen var stengt i mange timar, men gjenopna ved totida i natt etter at politiet sine teknikarar og Vegvesenets ulukkeskommisjon var ferdige med undersøkingane sine.

Frontkollisjon på riksvei 7 i Flå

Frontkollisjonen på riksveg 7 i Hallingdal skjedde i 80-sona mellom Flå og Bromma.

Foto: Sigrid Svingen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no