Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 17. oktober

** Angrep i Mosul
** Togstreiken kan bli trappa opp
** Riksadvokaten undersøker Nav-skandale

Dette skjedde i natt 1710116
Foto: Reuters / NTB Scanpix

Storoffensiv for å frigjera Mosul frå IS er i gang

Operasjonen for å ta tilbake den irakiske byen Mosul frå terrororganisasjonen IS har byrja. Det seier den irakiske statsministeren, Haider al-Abadi, til den statlege fjernsynskanalen. Slaget om Mosul er venta å bli eit blodbad.

Les meir her: Mosul under angrep

Togstreiken kan bli trappa opp

Frå måndag blir 60 konduktørar i NSB permitterte på Østfoldbana, på grunn av togstreik. Samtidig truar lokførarane med å trappa opp streiken. Då kan Sørlandsbana bli ramma også, seier forbundsleiar i Norsk Lokomotivmannsforbund (NLF), Rolf Ringdal. Togstreiken har no vara i to veker og nesten 300 tog er innstilt dagleg.

Riksadvokaten undersøker Nav-skandale

Ein reknefeil gjer at Nav har kravd for mykje pengar tilbake i om lag 1300 saker over 14 år, skriv Dagens Næringsliv. Nav seier dei ikkje kan utelata at reknefeilen har ført til for strenge straffer for trygdesvindlarar, og ber no Riksadvokaten om hjelp. Han skal undersøka om folk har blitt fengsla på feil grunnlag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no