Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 12. desember

•Tre døde etter Strasbourg-skyting
•To gutar arrestert for knivstikking
•Pornostjerne må punge ut til Trump

Dette skjedde natt til 12. desember 2018
Foto: ABDESSLAM MIRDASS / MIKE BLAKE / AFP / REUTERS

Tre omkomne etter Strasbourg-skyting
Frankrike heva i natt beredskapsnivået og sender ekstra tryggingsstyrkar til Strasbourg etter skytinga på julemarknaden tysdag kveld, der tre personar vart drepne. Tryggleiken langs grensa og på julemarknadar blir skjerpa. Den mistenkte gjerningsmannen er framleis på frifot.

Politi i gatene i Strasbourg

350 politifolk jakta på den mistenkte gjerningsmannen i natt.

Foto: Abdesslam Mirdass / AFP

To gutar arrestert etter knivstikking
To mindreårige gutar er arrestert etter at ein mann i slutten av 30-åra vart knivstukke i Mandal sentrum i Vest-Agder tysdag kveld. Det melder politiet 1-tida. Dei to gutane er frå det same distriktet. Mannen fekk kuttskadar i hovudet og tilstanden er stabil.

Mandal i Vest-Agder

Pornostjerne må punge ut til Trump
Pornostjerna Stormy Daniels er dømt til å betale advokatutgiftene til Donald Trump på nesten 2,5 millionar kroner etter at eit søksmål vart avvist av domstolane. Retten slo fast at Twitter-meldinga Trump vart saksøkt for var ei «retorisk overdriving» – og slike retoriske fråsegner er verna av grunnlova.

Stormy Daniels har saksøkt Trump

Pornostjerna Stormy Daniels har saksøkt Trump, men vann ikkje fram.

Foto: Mike Blake / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no