Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 11. april

• Storbritannia får fleksibel brexit
• Helikopterjakt etter knivtrussel
• Nyval i Australia 18. mai

Dette skjedde i dag, 11. april 2019
Foto: Susana Vera/William West / Reuters/AFP

Storbritannia får fleksibel brexit
Storbritannia og EU er samde om ein fleksibel brexit med frist til 31. oktober. Fristen kan også bli utsett på ny, ifølgje EU-president Donald Tusk. Statsminister Theresa May håper å få ein brexitavtale på plass før EU-valet.

Les meir: EU og Storbritannia er samde om fleksibel utsetting av brexit

Theresa May

Storbritannias statsminister Theresa May.

Foto: Yves Herman / Reuters

Helikopterjakt etter knivtrussel
Politiet leita med fleire patruljar og eit politihelikopter etter at ein person trua to andre med kniv inne i ein butikk i Thorvald Meyers gate i Oslo. Det er uvisst om dette var forsøk på eit ran. Mannen var ikkje arrestert, opplyser politiet til NRK på morgonen.

Laster Twitter-innhold

Nyval i Australia 18. mai
Australias statsminister Scott Morrison seier det blir val den 18. mai. Det skal stå om klimaendringar, asylsøkarar og økonomisk styring. Motstandaren er opposisjonsleiar Bill Shorten. Den politiske situasjonen i landet har vore ustabil sidan 2007.

Australias statsminister

Australias statsminister Scott Morrison.

Foto: Sean Davey / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no