Hopp til innhold

EU og Storbritannia er samde om fleksibel utsetting av brexit

EU-president Donald Tusk ber Storbritannia om ikkje å kaste vekk tida når fristen for brexit no er utsett til oktober.

EU-møte i Brussel om brexit

Storbritannias statsminister Theresa May (i midten) med Tysklands kanslar Angela Merkel og Donald Tusk, president i Det europeiske råd.

Foto: Pool / Reuters

EU og Storbritannia er samde om ein «fleksibel brexit» med frist 31. oktober.

– Det tyder at Storbritannia får ytterlegare seks månadar på seg til å finne den best moglege løysinga, skriv EU-president Donald Tusk på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Ver så snill ikkje å kaste bort denne tida, seier Tusk på ein pressekonferanse i 2.20-tida.

Han utelukkar ikkje at brexit kan bli utsett på ny.

May håper på løysing i mai

Storbritannias statsminister Theresa May seier ho vil få på plass ein brexit-avtale så snart som råd er.

Ho har fått gjennomslag for at landet kan forlate EU så snart det skjer. Fram til dess vil Storbritannia framleis vere eit fullverdig medlem av unionen.

Dersom dei får ein avtale klar før 22. mai, slepp Storbritannia å delta i EU-valet, og forlèt EU offisielt den 1. juni.

May beklagar sterkt at ho ikkje har greidd å overtale parlamentet til å godta ein avtale som ville tillate Storbritannia å gå ut på ein «smidig og ordentleg måte».

– Eg latar ikkje som at dei neste vekene vil bli lette eller at det finst nokon enkel måte å løyse den fastlåste situasjonen i parlamentet, men vi politikarar har ei plikt til å fullføre det demokratiske vedtaket frå folkerøystinga og levere på brexit, seier statsministeren.

Ho skal i møte med opposisjonspartiet Labour i dag, torsdag.

Lange forhandlingar på EU-toppmøte

May ba i går kveld eit ekstraordinært EU-toppmøte i Brussel om å utsetje brexit til 30. juni.

Etter lange forhandlingar bestemte dei 27 EU-leiarane seg godt over midnatt for å tilby Storbritannia å vente med å forlate unionen til 31. oktober.

Den same datoen er mandatperioden til den sitjande EU-kommisjonen over.

Rundt klokka 2 natt til torsdag vart det kjent at May godtek utsetjinga av brexit.

Det skal vere frustrasjon i EU-diplomatiet rundt at Frankrike markerte seg sterkt i forhandlingane, slik at det overskugga ei rasjonell tilnærming til brexit-utfordringa, skriv The Telegraph-journalist Peter Foster på Twitter.

Laster Twitter-innhold

May godtek utsetjinga

Tusk uttala på pressekonferansen i natt at det no er opp til britane kva som vil skje. Dei kan godta ein brexit-avtale og forlate EU, eller dei kan la vere.

Jean-Claude Juncker, president for EU-kommisjonen, er glad for utsetjinga.

Sjølv om Storbritannia framleis er medlem av unionen, vil resten av dei 27 medlemslanda kunne samlast utan dei. Vidare seier Juncker at det truleg vil bli eit EU-val i Storbritannia.

Usemje blant britane

Mangel på semje i det britiske parlamentet om korleis utgangen skal gå føre seg, har gjort det vanskeleg å få på plass ein avtale med EU.

Opprinneleg var planen at Storbritannia skulle forlate EU 29. mars, men det blei så utsett til fredag 12. april. No er ny frist sett til 31. oktober.

EU-presidenten har tidlegare uttrykt frustrasjon over dei som kjempa gjennom brexit utan å skissere opp ei god løysing for korleis det skulle gå føre seg:

EU-kommisjonens president Donald Tusk sier det finnes en egen plass i helvete for dem som kjempet for brexit uten noen plan for gjennomføringen.

EU-kommisjonens president Donald Tusk sier det finnes en egen plass i helvete for dem som kjempet for brexit uten noen plan for gjennomføringen.

SISTE NYTT

Siste nytt