Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 1. april

• 210 nye korona-tilfelle i Noreg
• 13-åring døydde i London
• 100–240.000 kan døy i USA

Besøksforbud på Ullevål sykehus, informasjonsskilt om koronasmitte

BESØKSFORBOD: Utanfor Ullevål sjukehus står skilt med informasjon om besøksforbodet. Talet på nordmenn som er innlagt med korona-smitte er oppe i 391. 97 av dei får intensivbehandling.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

210 nye norske tilfelle

Ved midnatt var det registrert 4656 tilfelle av krona-smitte i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet. Det er ein auke på 210 tilfelle siste døgn.

319 pasientar var tysdag innlagt på sjukehus, tre færre enn måndag. 97 personar får intensivbehandling. Dødstalet er uendra på 39.

13-åring døydde i London

Ein 13-årig britisk gut er død etter å ha testa positivt for covid-19. Guten er truleg den yngste korona-pasienten som er død i Storbritannia.

Familien opplyser at han ikkje var sjuk frå før. Han vart innlagt torsdag og døydde tre døgn seinare, opplyser sjukehuset ifølgje BBC.

Talet på døde i Storbritannia har auka med 381 det siste døgnet. Det er ny døgnrekord. I alt er nærare 1800 britar døde.

Soldater bytter koronasykehus i Docklands i London. ExCeL centre

SOLDATAR BYGGER: I London-bydelen Docklands er 200 soldatar i gang med å ferdigstille eit nytt sjukehus for opptil 4000 korona-pasientar. Byggetida har vore 10 dagar.

Foto: Stefan Rousseau / NTB Scanpix

USA fryktar at 100–240.000 kan døy

Det kvite hus' innsatsgruppe mot korona-viruset anslår at mellom 100.000 og 240.000 amerikanarar vil døy av korona-viruset, sjølv med tiltak for å dempe epidemien, melder Washington Post.

Det siste døgnet er 865 døde av korona-viruset i USA. Det er det høgaste talet i løpet av eit døgn, ifølgje ei oppteljing gjort av Johns Hopkins University. I alt er 3900 døde og 188.000 smitta i USA. Det er fleire døde enn i Kina, og over dobbelt så mange smitta som i Kina.

Samstundes er eit føderalt naudlager med smittevernutstyr til bruk i krisesituasjonar i ferd med å gå tomt. Det får Reuters opplyst frå kjelder i tryggingsdepartementet i landet. Fleire delstatar har dei siste vekene fått mellom anna munnbind frå kriselageret.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no