Hopp til innhold

Det blir ikkje hotellstreik

Etter 15 timar på overtid er det semje i meklinga mellom Fellesforbundet og NHO Reiseliv. Fellesforbundet har fått gjennomslag for auka lønn og betre vilkår for tilsette i hotell, restaurant og catering, skriv Fellesforbundet.

Minstelønna i bransjen låg på 175,47 kr i timen om du er over 20 år, ifølgje arbeidstilsynet. Denne har no auka med 4,47 kr til 9,51 kr pr. time, avhengig av kor lenge ein har jobba i bransjen og om ein jobbar skift.

Desse lønnssatsane er allmenngjort. Det betyr at det er ulovleg å betale nokon mindre enn minstelønna som no er forhandla fram.

– Både hotell og restaurantar skal vere seriøse og gode arbeidsstadar, kor folk blir verande. No løfter vi golvet i bransjen for alle, samstundes som vi har sikra større tillegg for dei som har lenger arbeidserfaring, seier forhandlingsleiar Clas Delp.

Lønnsoppgjøret for reiselivet starter
Foto: Vidar Ruud / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no