Demonstrasjonar mot sløyfing av heillagdag i Danmark
Ei stor folkemasse har samla seg føre parlamentet i den danske hovudstaden København, viser bilde frå Danmarks Radio (DR).
Dei demonstrerer mot regjeringa til Mette Frederiksen sitt forslag om å sløyfa heillagdagen Store bededag den 5. mai, noko som vil medføra at denne dagen blir ein vanleg arbeidsdag. Formålet med endringa er å styrka forsvaret.
Fagrørsla har sett opp bussar til København frå heile landet for å frakta demonstrantar til Christianborg Slottsplass. Også representantar frå det kristne miljøet er på plass på demonstrasjonen.
Økonomikommentator for DR, Casper Schrøder, seier at fagrørsla har mobilisert til demonstrasjon for å signalisera to ting: At fagrørsla ikkje finn seg i å ikkje bli inkludert i avgjerdsprosessen og for å visa medlemmene at det ikkje er dei som står bak denne avgjerda.
Politiet har sperra av fleire av gatene rundt demonstrasjonen, opplyser dei på Twitter.