Hopp til innhold

Demonstrantar har tatt seg inn i regjeringsområde i Bagdad

Tusenvis av irakarar har tatt til gatene laurdag, berre dagar etter at nasjonalforsamlinga i Bagdad blei storma.

– Vi er her for ein revolusjon, seier demonstrant Haydar al-Lami til AFP.

Sikkerheitsstyrkar har laurdag stengt av gatene til den grøne sona, der regjeringsbygningane og nasjonalforsamlinga ligg. Folk har samla seg ved ei bru som fører til den grøne sona.

Klokka 11.20 melder AFP at demonstrantane har brote seg inn til regjeringsområdet, trass i stort politioppbod.

Ifølge lokale medium skal fleire vere skadd og drepne.

Bilde frå staden viser at politiet kastar tåregass mot demonstrantane, som blir skildra som tilhengarar av den religiøse leiaren Moqtada Sadr.

Irak er i ei politisk krise etter at dei framleis ikkje har klart å bli einige om kven som blir landets neste president, trass i at valet blei heldt i oktober. Sadr-alliansen fekk flest stemmer, men ikkje fleirtal.

Demonstrantar og sikkerheitsstyrker ved veggen som blei satt opp mot den grøne sona.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no