Hopp til innhold

Danmark: Skreiv ikkje ut nyval

Den danske nasjonalforsamlinga Folketinget opna i dag.

I forkant hadde mange venta at den danske statsministeren Mette Frederiksen ville skrive ut nyval. I Frederiksens opningstale nemnde ikkje ho noko om dette.

Frederiksen nytta heller tid på å snakke om den spente situasjonen i Europa med krig i Ukraina, eksplosjonane på Nord Stream-leidningane og aukande prisar. Ho nytta også taletid om klima- og naturkrisa og korleis Danmark er og skal vere «ein grøn supermakt».

I forkant av opninga fekk Frederiksen ultimatum frå det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre om å skrive ut nyval før onsdag, eller bli gjenstand for eit mistillitsforslag.

Bak mistillitsforslaget til sentrumspartiet ligg kritikken mot statsministeren og hennar ordre om å avlive all mink i landet som følge av frykt for ein mutert koronavariant. Ein kommisjon slo i sommar fast at ordren var ulovleg.

I etterkant av talen opna likevel Frederiksen for at eit nyval kunne vere nært.

– Mon tru om ikkje valet byrjar å nærme seg, svarte ho til pressen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no