Hopp til innhold

Danmark vil styrke forsvaret med 143 milliardar danske kroner

Den danske regjeringa vil over dei neste ti åra styrke forsvaret med 143 milliardar danske kroner.

Summen svarar til 230 milliardar norske kroner etter dagens kurs.

Målsettinga er at Danmark i 2030 skal leve opp til kravet frå Nato om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar.

– Vi står ved eit historisk forsvars- og tryggleikspolitisk vendepunkt. Der er krig i Europa, og vi kan ikkje lenger ta freden for gitt, seier Lund Poulsen på ein pressekonferanse. Han kallar investeringsløftet historisk.

105 av de 143 milliardane skal gå til «nye forsvars- og tryggleikspolitiske prioriteringar». Regjeringa vil også sette av ytterlegare 12,9 milliardar til militær bistand til Ukraina fram til 2028.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no