Hopp til innhold

Bremsa ikkje global oppvarming

Sjølv om koronarestriksjonane førte til ein mellombels nedgang i klimagassutsleppa, har dei ikkje bremsa klimaendringane. Det påpeikar ein ny rapport frå FN.

– I år har utsleppa frå fossilt brensel teke seg opp igjen, konsentrasjonen av drivhusgassar held fram med å auke, og alle kontinent har opplevd menneskeforsterka vêrfenomen som påverkar liv, helse og levebrød, skriv generalsekretær António Guterres i forordet til rapporten United in Science 2021.

I november arrangerer FN klimatoppmøtet COP26 i Glasgow, Skotland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no