Bollestad i tenkeboksen

Olaug Bollestad tek over som fungerande KrF-leiar etter Kjell Ingolf Ropstad fredag, men foreløpig ikkje avklare om ho kunne tenke seg å overta permanent.

– Eg må bruke tid til å tenke meg om, seier ho til NTB.

Ho seier det er viktig å følge prosessane internt i partiet, og at ho ikkje ønsker å flagge om det er aktuelt for henne å ta over permanent.

– Nei, det er det ikkje. Eg har respekt for prosessen partiet skal ha ved val av leiar. Eg ynskjer ikkje å kortslutte ein slik prosess. Den må partiet eige, og det er de som skal velje leiar, seier Bollestad til NRK.

Partiet må kalle inn til ekstraordinært landsmøte for å gjennomføre partileiarvalet. Landsstyret avgjer når dette kan skje.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no