Hopp til innhold

Biden meiner mogeleg arrestordre frå ICC er ein skandale

USAs president Joe Biden reagerer kraftig på at ein aktor i Den internasjonale straffedomstolen Haag (ICC) vil sende ut ein arrestordre på blant andre Israels statsminister Benjamin Netanyahu og Hamas-leiarar, melder Reuters.

Han kallar det heile skandaløst

– La meg vere klar. Uansett kva aktoren måtte antyde, det er ingen likskapar mellom Israel og Hamas.

Også utanriksministeren i USA, Antony Blinken, avviser ønsket om å sende ut ei arrestordre på regjeringsmedlemmar i Israel.

– Vi avviser at det blir sett likskapsteikn mellom Israel og Hamas. Dette kan sette ein våpenkvileavtale og ein avtale om frigjeving av gissel i fare, seier han i ei fråsegn.

Benjamin Netanyahu og Hamas-leder Yahya Sinwar.

Biden: – Ikke folkemord i Gaza

Aktor i ICC mener Israels statsminister, forsvarsminister og Hamas ledelse kan holdes ansvarlig for krigsforbrytelser. USAs president sier det som skjer i Gaza ikke er folkemord.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no