Hopp til innhold

Ber Kina fordømme krigen

Australias statsminister Scott Morrison oppfordrar Kina til å gripe inn og fordømme Russlands invasjon av Ukraina.

– Kina har lenge hevda å ha ei rolle som ein av stormaktene i verda og å vere ein bidragsytar til global fred og stabilitet. Ingen land vil ha større påverknad på å avslutte denne forferdelege krigen i Ukraina, enn Kina, seier Morrison ifølge Sky News.

Kina nektar å kalle det ein invasjon av Ukraina, og vil heller ikkje innføre sanksjonar mot Russland. Dei har bedt om ei løysing på krigen gjennom forhandlingar.

Kinas utanriksminister, Wang Yi, seier måndag morgon at dei er ville til å snakke med både Russland og Ukraina. Han legg til at Kina «alltid har vore objektiv og rettferdig», og hevdar vennskapet mellom Kina og Russland står fjellstøtt.

Kinas utanriksminister Wang Yi og Russlands president Vladimir Putin tar kvarandre i handa.
Foto: POOL / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no