Hopp til innhold

Beinrestar funne i Strömstad kjem frå eit menneske

Skjelettdelane som blei funnen i nærleiken av ein campingplass i Strömstad søndag, tilhøyrer ein avdød person. Det stadfestar politisjef i Fyrbodal, Fredrik Brax, til avisa Goteborgs-Posten.

Han seier beinrestane no blir sendt for å undersøkast av rettsmedisinarar. Der skal dei forsøka å finna identifikasjonen på den avdøde, og årsaka til dødsfallet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no