Hopp til innhold

Barth Eide: – Svært god opningshelg på klimatoppmøtet

Det seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa, og viser til at fondet for tap og skade vart oppretta på konferansens fyrste dag.

— Statsministeren annonserte at Noreg vil bidra med 270 millioner kroner til fondet. Mange andre land har også gitt løfte om å støtta fondet.

Fondet er tiltenkt utviklingsland som er sårbare for klimaendringar, til dømes tørke og flaum.

— Det emiratiske presidentskapet for toppmøtet har jobba beinhardt for å få dette fondet på plass. Vanlegvis tar det fleire år å oppretta slike internasjonale fond. Dette fondet tok det eitt år å etablera, seier Barth Eide.

Det emiratiske presidentskapet for klimatoppmøtet har utpeikt utanriksministeren og Singapors utanriksminister Grace Fu til å leia forhandlingane om utsleppsreduksjonar. Barth Eide er også Noregs forhandlingsleiar på klimatoppmøtet.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide
Foto: NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no