Avviser press frå Bollestad

I dag vart det klart at Dag-Inge Ulstein ikkje stiller til val som partileiar for KrF. På same tid fortalde Olaug Bollestad at ho har svart valkomiteen i KrF om at ho er aktuell som ny partileiar. Ulstein har vert omtalt som hennar største konkurrent.

No avviser Ulstein at det var press frå Bollestad som gjorde at han trakk seg.

– På ingen måte. Eg har ikkje kjent på noko press, seier Ulstein til NRK, og legg til at det var familien som gjorde at han ikkje stilte.

Han understreka også at Bollestad kjem til å vere ein god leiar om ho blir valt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no