Hopp til innhold

Åtte døde i flaum i Italia – store skadar i Ravenna

Minst åtte menneske er døde og fleire tusen evakuerte etter kraftig regn og flaum i Nord-Italia. Også i Bosnia blir det meldt om «apokalyptiske» flaum.

Tidlegare i vår var Nord-Italia ramma av langvarig tørke. Men vêret endra seg tidlegare denne månaden.

Onsdag melder styresmaktene i regionen Emilia-Romagna om åtte døydde som følgje av flaum. Menneske har blitt evakuerte i minst 24 byar.

Berre i byen Ravenna, kjent for unike kristne kulturminne frå seinantikken, er 5000 menneske evakuerte. Ravenna var romersk hovudstad i den siste fasen før Vest-Romarriket kollapsa på 400-talet.

Nokre av dei ramma områda har fått nedbørsmengder som normalt kjem i løpet av eit halvår, i løpet av 36 timar. At bakken var uttørka etter den langvarige tørken tidlegare i år, fører truleg til at mindre vatn blir absorbert av jorda.

Flaumen har også ført til at mange har mista straumen. Til saman har minst 50.000 personar vore utsett for straumbrot.

Eit formel 1-løp som skulle blitt heldt i Imola i helga, er blitt avlyst med omsyn til sikkerheita.

(NTB)

Flaum i Ravenna i Italia. Hjelpemannskap med gummibåtar.
Foto: ALESSANDRO SERRANO / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no