Hopp til innhold

Atomsamtale tatt opp att

Forhandlingane mellom Iran og landa i atomavtalen frå 2015 vart tatt opp att i Wien torsdag, skriv NTB. Spenninga mellom partane er høg.

Europeiske diplomatar har oppfordra Iran til å kome tilbake med «realistiske forslag» etter at den iranske delegasjonen i førre veke stilte ei rekke krav som andre partar i avtalen rekna som uakseptable.

Samtalane sist veke var dei første på over fem månader, grunna presidentskiftet i Iran.

Samtalene i Wien er inne i sin sjuande runde. Etter at USA trakk seg frå avtalen i 2018, har Iran gjentatte gonger brote vilkår ved å anrike og lagre uranmetall utover gjeldande avgrensingar.

Russland, Kina, Storbritannia, Frankrike og Tyskland, samt EU, er også del av atomavtalen. President Joe Biden har signalisert at han ynsker at USA sluttar seg til avtalen igjen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no