Hopp til innhold

Annika Biørnstad (64) er død

Annika Biørnstad døydde torsdag etter lengre tids sjukdom, opplyser familien til NRK. Ho blei 64 år.

I løpet av sin over 40 år lange karriere i NRK var ho mellom anna fjernsynssjef frå 2002, og direktør for NRK Kringkasting og ansvarleg for programsetting i radio og fjernsyn frå 2009 til 2019.

I 2011 blei ho kåra til årets kvinnelege medieleiar.

Før ho gjekk av med pensjon før jul i fjor var ho prosjektdirektør for organisasjonsutvikling i arbeidet med nytt NRK-hovudkontor.

– Annika var ein særdeles dyktig og svært verdsett kollega som var med å forme og utvikle NRK i sine mange roller gjennom 40 år. I tillegg var ho ein varm og klok person med eit stort engasjement for alle rundt seg. Våre tankar går til familien, seier kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen.

Annika Biørnstad
Foto: Privat

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no