Hopp til innhold

ANC i krisemøte etter rapport om presidenten

Det sørafrikanske regjeringspartiet ANC held krisemøte etter at eit spesialutval leverte ein rapport om eit innbrot på farmen til president Cyril Ramaphosa, melder AFP.

I rapporten seier utvalet at presidenten kan ha gjort seg skuldig i alvorlege brot på delar av grunnlova og korrupsjonslovene.

Ramaphosa seier han ikkje har gjort noko gale, og at han vil ha ein grundig gjennomgang av rapporten.

Om to veker har partiet landsmøte, og innhaldet i rapporten kan svekke Ramaphosas håp om attval, ifølge sørafrikanske medium.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no