Hopp til innhold

Amedia: Hackarar krev løysepengar

Amedia jobbar framleis med å få oversikt over hackarangrepet som førte til at ingen lokalaviser frå konsernet kom ut onsdag.

– Dette kjem til å vare ganske lenge. Det er eit mødesamt arbeid med å få tilbake systema våre, opplyser data- og teknologidirektør i Amedia, Pål Nedregotten, til NRK.

Han seier dei jobbar med å få på plass ei backup-løysing slik at dei kan produsere papiraviser igjen. Det er framleis uvisst kven som står bak.

– Det er eit veldig klassisk løysepengar-virusangrep, der framande har tatt seg inn på deler av våre servarar, kryptert våre data og lagt igjen eit visittkort som typisk leiar vidare til eit krav om løysepengar. Noko vi ikkje kjem til å gå i dialog om, seier Nedregotten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no