Hopp til innhold

Alvorleg miljøtilstand i mange norske innsjøar

Ein ny rapport frå Miljødirektoratet viser at halvparten av 366 undersøkte innsjøar framleis har, eller står i fare for å utvikle for mykje algevekst.

Dei fleste av innsjøane ligg i nedbørsfelta som drenerer til Oslofjorden, og i vassregionane Rogaland og Vestland.

Høgt innhald av fosfor i jordbruksjord bidreg til at meir fosfor renn ut i vassdraga og skaper algevekst.

– For å redusere tilførsel av fosfor som bidrar sterkt til algeveksten, må kommunen sørge for betre avsløpsreinsing hos husstandar som ikkje er kopla til offentleg avløpsnett, og sikre at dei kommunale avløpsanlegga reinsar godt nok, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no