Hopp til innhold

Aktor ber om at Trump får munnkorg i dokumentsaka

Påtalemyndigheitene ber om at Donald Trump får munnkorg, etter at han påstod at FBI fekk ordre om å drepa han då huset hans vart ransaka i 2022. Det skriv NTB.

Den tidlegare presidenten publiserte påstanden i eit innlegg på plattforma sin Truth Social.

Fredag bad aktor i saka ein føderal dommar om å hindra Trump i å komma med utsegn som «set handheving av retten i fare», skriv Reuters.

Dokumentsaka er ei av fire straffesaker mot Trump. Ho dreier seg mellom anna om brot på spionasjelova.

I 2022 ransaka FBI-agentar heimen til Trump i Florida, og fann hemmelege dokument om militære spørsmål og atomvåpenprogrammet til USA.

Trump ser mot venstre, bildet er tatt i profil. Han ser avslappet ut i ansiktet. Han har på dress med blått slips. I bakgrunnen er mørke scenetepper.
Foto: SCOTT OLSON / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no