Hopp til innhold

«Kannibalsolstorm» vil gje kraftig nordlys over heile Noreg i natt

Ein «kannibalsolstorm» er på veg mot jorda, og vil føra til kraftig nordlys over heile Noreg natt til 1. desember. Det fortel fysikar og vitskapsformidlar Veronica Danielsen som jobbar på vitensenteret ViteMeir i Kaupanger.

– Dette skjer oftare og oftare akkurat nå fordi me er på veg inn i ei periode der sola er meir og meir aktiv, seier Danielsen.

Ho fortel at ein framover kan rekna med at dette kan skje månadleg.

– Og nordlys kan me forventa kanskje vekevis denne vinteren fordi me er i ein ekstra aktiv solperiode. Så dette er ei bra tid for nordlysentusiastane, seier Danielsen.

Ein «kannibalsolstorm» oppstår når sola sender ut fleire skyer med partiklar mot jorda, der ein eller fleire av dei bakarste tar igjen den føre seg, slik at det er ei kjempesky på veg mot jorda, fortel fysikaren. I dette tilfellet har sola sendt ut fire slike skyer.

Det er desse partiklane som skaper nordlyset. Nordlyset vil toppa seg i dei tidlege morgontimane i natt, og dei reknar med at det kan sjåast heilt nede i Tyskland, fortel Danielsen.

Nordlys i Vesterålen.
Foto: Jens Andre Mehammer Birkeland / Vesterålen Tours

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no