– 125 skuleborn er drepne
Minst 132 menneske vart drepne i åtaket mot skulen i Peshawar nord i Pakistan i dag. 125 av dei er skuleborn, opplyser provinsstyresmaktene. Det skal ha vore over 500 elevar og lærarar på skulen då seks terroristar frå Taliban gjekk til åtak tysdag.