832 nye dødsfall i Spania
Styresmaktene i Spania opplyser at det har vore 832 nye dødstilfelle som følge av koronaviruset det siste døgnet. Det melder AFP. Det totale talet på døde i Spania er no oppe i 5690. Spania er eitt av landa som er hardast ramma av epidemien.