Hopp til innhold

16 redda frå brennande skip

16 personar er redda frå eit brennande konteinarskip utanfor kysten av Canada, skriv ABC News. Brannen braut ut i 10 konteinarar på laurdag, ifølgje den kanadiske kystvakta. Dei mobiliserte eit mannskap som redda ut personane om bord og avgrensa brannen. Ingen er rapportert skada.

Kystvakta melder om at skipet har over 52.000 kilo med kjemikaliar i to av dei ti konteinarane som står i fyr. På grunn av dette, var det ikkje eit alternativ å spraye vatn direkte på brannen. Difor sylar ein slepebåt sjølve skroget med kaldt vatn.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no