Hopp til innhold

Picasso-måleri borte på veg til utstilling

Oljemåleriet «Stilleben med gitar» av Pablo Picasso forsvann då det blei frakta frå Madrid til ei utstilling i Granada i Spania.

Spansk politi har stadfesta at dei etterforskar hendinga, men seier dei ikkje kan gå ut med detaljar.

Biletet tilhøyrde ein privat samlar i den spanske hovudstaden, skriv The Guardian.

Picasso er blant dei mest kjende kunstnarane i verda, og har lenge vore eit mål for kunsttjuvar.

Biletet som no er borte er verdsett til 600.000 euro, som svarar til 7 millionar norske kroner i dagens kurs.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no