Tiltalt for nettovergrep mot 13 barn
Ein 33-åring busett i Kristiansand er tiltalt for seksuelle overgrep via Snapchat mot 13 barn. Det yngste barnet er berre 11 år, ifølgje tiltalen.
Personen er også tiltalt for å ha tileigna seg og oppbevart 36 videofiler av seksuelle framstillingar av barn og overgrep mot barn.
Den tiltalte erkjenner ikkje straffskuld, opplyser forsvarar Christian Faye Ree.