USA-senator truar med tollsatsar og visumnekt
Oljefondet har trekt seg ut av amerikanske Caterpillar. Det fell ikkje i god jord hos den republikanske senatoren Lindsey Graham. No truar han med tollsatsar og visumnekt.
– Kanskje det er på tide å innføre tollsatsar på land som nektar å gjere forretningar med store amerikanske selskap, skriv han på X
– Eller kanskje vi ikkje burde gi visum til enkeltpersonar som driv organisasjonar som prøver å straffe amerikanske selskap for geopolitiske skilnader.
Senatoren oppmodar oljefondet til å revurdere avgjerda.