Hopp til innhold

Sri Lanka sin ekspresident er sikta for misbruk av statlege midlar

Opposisjonsleiar og tidlegare president i Sri Lanka Ranil Wickremesinghe er sikta for å ha misbrukt statlege midlar på ein tur til London, melder NTB.

Wickremesinghe var president frå 2022 til 2024. Misbruket av midlane skal ha skjedd under presidentperioden, melder nyheitsbyrået AP.

Wickremesinghe skal ha brukt pengar for å delta på kona sin vitnemålutdeling i London.

en gruppe menn som står ved siden av en bil
Foto: ISHARA S. KODIKARA / AFP / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no