Hopp til innhold

Forsvarsdepartementet og verftet Navantia har inngått forlik i «Helge Ingstad»-saka

Staten har inngått forlik med det spanske verftet som bygde fregatten KNM «Helge Ingstad». Det melder Forsvarsdepartementet i ei pressemelding.

Staten kravde over 13 milliardar kroner frå verftet Navantia, som erstatning for konstruksjonsfeil på fregatten.
Denne feilen bidrog til at «Helge Ingstad» havarerte i Hjeltefjorden i 2018, meinte regjeringsadvokaten.

Forliket inneber at Noreg får rabattar på kring 550 millionar kroner på kontrakter om teknisk støtte og oppgraderinga av dei norske fregattane, skriv departementet.

et militærhelikopter på en strand

Fregatt-striden er ute av verda – staten kravde 13 milliardar, inngjekk forlik og får ein halv

Forsvarsdepartementet og det spanske verftet Navantia har vorte samde i tvisten knytt til fregatten «Helge Ingstad» etter mekling i Oslo tingrett.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no