Tesla tapar marknadsdelar i Noreg
Marknadsdelen til Tesla har falle frå 21,2 prosent til 14 prosent til no i år.
Men dei er framleis den mest selde nybilmodellen i Noreg, viser tal frå Opplysningskontoret for vegtrafikk som er sitert av Norsk elbilforening.
Tala viser også at 98,1 prosent av privatpersonar som kjøper ny bil, vel elbil.
Blant dei ti mest selde bilmodellane er Toyota Yaris Cross den einaste som ikkje er elektrisk.