Hopp til innhold

Trump: Mineralavtale med Ukraina blir signert i neste veke

USA vil signere ein mineralavtale med Ukraina neste torsdag, seier president Donald Trump, ifølge Reuters.

Også Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa tidlegare torsdag at avtalen kunne bli signert under eit nettmøte om ei veke.

Trump har lenge ønskt ein avtale med Ukraina der USA får ein del av dei ukrainske naturressursane som ei betaling for den militære hjelpa landet har gjeve under Ukraina-krigen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no