Hopp til innhold

Bustadprisane held fram med å stige

Bustadprisane steig med 1,2 prosent i april. Det viser tal frå Eiendom Norge.

Så langt i 2024 har bustadprisane i Noreg stige med 7,2 prosent.

– Med eit godt lønsoppgjer både i fjor og i år er det ikkje unaturleg at bustadprisane tilpassar seg denne betringa i kjøpekrafta. Vår vurdering er at dette i kombinasjon med fallande fullføring av nye bustader er det som forklarer mykje av den sterke utviklinga no, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge i ei pressemelding.

I snitt tok det 54 dagar å selje ein bustad i april, mot 56 dagar i februar. Oslo har kortast salstid med 27 dagar, medan Tromsø har den lengste salstida med 105 dagar i snitt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no