Hopp til innhold

Politiet bruker tåregass mot demonstrantar i Georgia

Politiet bruker tåregass og sjokkgranatar mot demonstrantar som onsdag kveld har samla seg i gatene i hovudstaden Tbilisi i Georgia, melder Reuters.

Demonstrantane protesterer mot eit nytt lovforslag som krev at organisasjonar og verksemder som får meir enn 20 prosent av finansieringa si frå utlandet, må registrere seg som utanlandske agentar.

Eit fleirtal i nasjonalforsamlinga stemte onsdag for det omstridde lovforslaget.

Det gjorde at titusenvis av demonstrantar samla seg utanfor nasjonalforsamlinga for å protestere.

Presidenten i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen, seier ho fordømmer valden mot demonstrantane.

EU har åtvara Georgia mot at lovforslaget kan få konsekvensar for dei har inne om å bli EU-medlem.

Politiet bruker tåregass mot demonstranter i Georgia
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no