Hopp til innhold

Dømde for demonstrasjonar på Cuba

13 cubanarar er dømde til fengsel i opp mot 15 år for å demonstrert mot styresmaktene i byen Nuevitas, ifølge den Miami-baserte menneskerettsgruppa Justicia 11J, melder AFP.

Det var fleire lengre straumbrot i byen i 2022 som førte til protestar mot styresmaktene.

Retten fann dei dømde skuldige i oppvigling, forakt for styresmaktene, fiendtleg propaganda og sabotasje.

Ifølge Justicia 11J kan dei dømde anke dommane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no