Hopp til innhold

Sjukehus i Kyiv blei evakuerte

Styresmaktene i Ukrainas hovudstad Kyiv gav fredag ordre om å evakuere to sjukehus etter at ein video utløyse frykt for eit mogleg russisk rakettangrep.

I videoen blir det hevda at det er militært personell på sjukehusa – ein påstand styresmaktene i Kyiv avviser.

Dei skuldar også Russland for å spreie falske unnskyldningar for å rettferdiggjere eit mogleg angrep.

Eitt av sjukehusa som blei evakuert er eit barnesjukehus nord i byen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no