Hopp til innhold

Europol avslørte bande som stal verdifulle bøker

Europeisk politi har rulla opp ein bande som har stole minst 170 verdifulle bøker, melder AFP.

Medlemmane av banden skal ha sagt at dei var forskarar og oppsøkte bibliotek i minst sju europeiske land. Der skal dei ha bytta ut gamle og verdifulle bøker med kopiar av svært god kvalitet, ifølge Europol.

Tjuvane har gått etter bøker som er skrive av russiske forfattarar som Aleksandr Pusjkin og Nikolaj Gogol. Den samla verdien av bøkene skal vere over 26 millionar kroner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no